onsdag,22 november, 2017

Blåsarar legg ut på langtur

IMG_0612
Vidar Hauge er ein av fleire Blåsarar som legg ut på langtur med bil. For søndag møter Hødd Tromsdalen borte i Tromsø, så Vidar Hauge, Robert Ulfstein, Guttorm Vartdal og mulingens Edgar Fjelle har derfor bestemt dei skal ta ein ferie utenom det vanlege. For dei tre-fire skal kjøyre bil nordover til Tromsø via Sverige. Der oppe vil dei bli møtt av Høddspeaker Bjarne Wærdahl som er i distriktet for tida. Dei legg ut på turen torsdag. Og på spørsmål til Vidar om han egentlig veit kor langt dette er og kjøyre, svarar han berre at dit har han kjørt opp før. Så null betenklegheiter der med ander ord. Alle dei fire var også med Hødd nedover til La Manga når laget var der i vår. Samt dei var med til Aktobe i fjor, med andre ord så har dette blitt nokre globetottarar. Vidar kan fortelle dei skal bo på hotell i Tromsø, så fasilitetane skal ikkje stå på. Blåsarane ynskjer dei god tur. Og for dei som ikkje tek turen so blir kampen vist på Kaffebaren.

Descargar musica