Onsdag,21 August, 2019

Sesongoppkøyringa er i gong!

2014-09-24 17.00.42

Sesongoppkøyringa for 2015 er i gong. Hødd har alt hatt ein bortekamp, og Blåsarane har hatt sin første bortetur for sesongen. Søndag 01.02.15 møtte Hødd Herd og Andreas Rekdal på AMFI Moa og spelte 2-2. Ole Amund og Joa opna scoringskontoen for 2015 og Hødd lot 20 spelarar prøve seg i denne kampen.

Til helga møter Hødd Sogndal borte og der møter me to av dei, som har forlatt oss etter 2014 sesongen, Robin Shroot og Victor Grodås. I tillegg har Espen Standal gitt seg i Hødd og skrive under for Ull/Kisa. Franjo Tepuric har skrive under for Bergsøy og Tobias Vibe sitt utlån til TUIL er gjort permanent.

Til no har Hødd skrive kontrakt med 4 nye spelarar, to av dei, Michael Karlsen (15 mål for Rødde) og Magnus Myklebust (15 mål for Kongsvinger), vender tilbake til Hødd, medan Torbjørn Kallevåg (15 mål for Vard Haugesund) og Christoffer Aasbak (4 mål for Byåsen) er nye ansikt på Høddvoll.

Det vert ei spanande tid framover mot sesongstart 6. april borte mot Strømmen.

 

 

 

Av: JOFS

Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/2/4/9/blaasar.no/httpd.www/wp-includes/class-wp-comment-query.php on line 399
Descargar musica