Blåsarbua har merka godt at me har flytta inn i nye lokaler på AMFI Ulsteinvik. Etter flyttinga i sommar, har me fått meir lagerplass og dermed moglegheita til å oftare ta inn nye produkt. Dette gjer òg at me kan køyre kampanjar litt oftare. For tida har me kampanje på Hødd-drakter til 350,- uansett førpris, i tillegg held me fram med salget av hettejakker i alle storleikar til 199,-. Me har òg ein fantastisk pris på ryggsekk, hanskar og skjerf til 300,-. Dette er meget gode prisar!
På Blåsarbua har me ein god del supporterutstyr, alt frå termokoppar til drakter, og me prøvar å fornye varelageret vårt med jamne mellomrom. Me har den billigaste kaffien i byen, so ta gjerne turen innom og slå av ein prat med våre, alltid like blide, medarbeidarar. Skulle du ha ein ide eller savne noko i butikken, kontakt oss gjerne på bua@blaasar.no, so kan me sjå kva me kan gjer.
Av: JOFS