onsdag,22 november, 2017

Sponse borteturar i 2015?

sponsing av Blåsarane

Blåsarane reiser overalt for å støtte laget. Noko me viste med ein 54 timers tur t/r Alta i fjor, samt longe bussturar og bilturar rundt om i vårt longstrakte land, frå Tromsø i nord, til Fredrikstad og Bryne.

I år har me alt rekna på kva ein del av desse turane vil kome på. I foreløbige planar, ligg der 9 fellesturar, av desse er 4 mulige overnattingsturar. Med andre ord, 5 dagsturar, noko som gjer at fleire kan kome seg på kamp og tilbake på jobb dagen etter. Slik det ser ut no, so kjem turane på minimum 157.000,-. Med andre ord, ganske mykje penger.
I tillegg vert det nok til at ein del reiser på dei 6 andre kampane òg,  so fyll med når det nærmar seg desse kampane.

Første kampen me legg opp tur til er opningskampen mot Strømmen. Sidan dette er i slutten av påska, so vert dette ein dagstur med buss.
I samband med dette, so ønskjer me gjerne sponsing, jo billigare me kan klare å få turane per person, jo fleire kan gi seg råd til å reise på monge av kampane, helst alle saman. Når me klarte å reise 15 stk til Alta (pluss 3 sjåførar) so håpar me at me kan klare å reise med minst 20 på kvar kamp i snitt.
Ønskjer du eller di bedrift å bidra til dette med nokre kroner, so er alle bidrag hjartans velkomne!

Set inn alt du føler du kan gi på konto: 3997.04.45637

 

 

 

 

 

 

Av: JOFS

Descargar musica