onsdag,22 november, 2017

To sigerar til Hødd i Sogndal i helga

Hødd har våre i Sogndal i helga og spelt to kampar fordelt på rekruttkamp laurdag og a-lagskamp søndag.
Laurdag vann rekruttane 1-0 etter scoring av Eirik Franke Saunes.
Søndag møtte Hødd igjen Robin Shroot og Victor Grodås i Sognahallen. Hødd starta med Jan Lennart Urke, Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Christoffer Aasbak, Joakim Wrele, Ole Amund Sveen, Joachim Magnussen (Ruben-Kenneth Brandal), Torbjørn Kallevåg, Magnus Myklebust (Mork Breivik) og Michael Karlsen. Eit litt meir toppa lag enn mot Herd førre søndag.

Kampen kom litt seint i gong i og med at der var ein juniorkamp i hallen før Hødd og Sogndal fekk sleppe til, men ca 1415 blåste dommar Tommy Skjerven i gong kampen. Kampen var temmeleg jamn i starten der ei mogeleg staffe til Hødd var beholdninga, Kallevåg vart lagt ned i feltet, men Skjerven såg ingen grunn til å blåse av. Sogndal framstod som eit meir ballbestittandes lag, enn de dei gjor i 2014, og heimelaget hadde ballen mykje i starten av 1. omgang. Etter nokre gode sjansar og gode redningar frå begge lag, scora Magnus Myklebust for Hødd etter 43 min. Magnus utnytta forsvarsrot av Sogndal og putta ballen i mål.

Etter pause var det ganske jamt i spelet fram til Hødd igjen scora. Mikke jobba ballen fri frå keeper og la ballen til Joa, som hadde ein enkel jobb med å sete ballen i mål. Skjerven meinte at Mikke ikkje var for hard i duellen med keeper og godkjende målet. Etter dette rapporterar Vikebladet sin mann i hallen, at Robin Shroot heldt på å skyte ned nokre klatrarar i klatreveggen i enden av hallen, med andre ord ikkje gode utnyttingar av sjansane frå vår toppscorar i fjor. Sogndal hadde ballen mest utover i omgangen, men fekk ikkje so mykje ut av overtaket. Ut frå Vikebladet si oppdatering, so hadde Sveen, Karlsen, Kallevåg og Wrele nokre gode sjansar til å auke Hødd si leiing i kampen, men ballen ville ikkje i mål.
Kampen enda 2-0 til Hødd og no er det ei pause i treningskampar for Hødd fram til Brattvåg kjem på besøk 20. februar på nye Høddvoll.

 

 

 

Av: JOFS

Descargar musica