onsdag,22 november, 2017

Bilder frå den første offisielle kampen på nye Høddvoll

11.02.15 spelte Hødd sitt damelag mot Volda. I samband med denne kampen, tok 4 Blåsarar seg ein tur rundt på Høddvoll og kika på forholda. Det første me merka oss, var at det vert fantastisk med kampar i flomlys, det skapar so absolutt ei fantastisk spesiell kjensle. Me prøvesat nokre stolar og fann ut at me er ståandes supporterar, so me gjekk ned på vår nye plass på ståtribuna. Kiosken vår er snart ferdig, leiligheitskomplekset er på veg opp og utsikta til bana skal folk få gjere seg opp ei meining om sjølve. Nede på familietribuna, var det so godt som vindstille, sjølv om det blåste liten storm. Her er det litt som står att, men det er nok der til generalprøva. Me testa ut  bortetribuna og kan friste tilreisande supporterar med ei god utsikt, flotte kiosk, lite vind og elles ei av dei flottaste bortetribunene i landet.

2015-02-11 18.49.03 2015-02-11 19.24.13

2015-02-11 19.44.31

Utsikt frå bortetribuna.

2015-02-11 19.24.07

Utsikt frå vår tribune.

 

 

 

 

Av: JOFS

Descargar musica