onsdag,22 november, 2017

Årsmøte 2015

.facebook_2136147279
Årsmøtet vart i kveld, 18.02.15, heldt på KaffeBaren. Oppmøte og engasjementet var godt i det nesten 3 timer lange møtet. Referat av dette møtet, vert sendt ut på e-post til alle medlemmar so snart det er reinskrive og godkjent. For dei, som ikkje har oppgitt rett e-post adresse til Blåsarane, kan sende denne til styret@blaasar.no.

Årsmøtet gjekk einstemmig inn for valgnemnda sitt framlegg for nytt styre.

Styret for 2015 vert då som følger:
Hans Christian Ødegård (leiar)
Beate Rødseth (Kasserar)
Anders Remøy Hasund
Antoni Knotten
Per Ronny Jøsokbakke
Ture Dan Sæter

Edgar Fjelle (vara)
Nina Sandvold Garshol (vara)

Styret vil ha konstitueringsmøte torsdag 19.02.15

Elles vert alle oppfordra til å tenke gjennom kva dei kan tenke seg å engasjere seg enda meir i, i året som kjem. Me har diverse grupper, som treng folk. Butikkgruppe, Blåsarhuset, tribunegruppe o.l. Kan du tenke deg å delta og engasjere deg i dette, ta kontakt på styret@blaasar.no. Me vil òg oppfordre folket til å kome med tips til www.blaasar.no, gjerne reisebrev, bilder og generelle saker, slik at me får ei aktiv nettside. Saker, tips etc, sende du til tips@blaasar.no

 

 

 

 

 

 

 

Av: JOFS

Descargar musica