onsdag,18 oktober, 2017

Ulike grupper i Blåsarane

2014-07-29 16.57.41IMG_0089

Det har våre snakka ein del om dei ulike gruppene i Blåsarane. Det er sikkert ein del, som lurer litt på kva dette er for noko og om dette er noko for dei. Me kan prøve å skrive litt om dei ulike gruppene.

Tribunegruppa:
Denne gruppa tek føre seg det som skjer på tribuna. Den planlegg og lagar banner, songar o.l. får med seg resten av publikum på det dei har laga og er ein meget viktig del av Blåsarane. I år vil denne gruppa få meir utfordringar i forhold til å få med hovudtribuna. Er du kreativ, likar å male eller rett og slett berre har lyst til å møtast i ny og ne på Blåsarhuset og lage noko, so meld deg til denne gruppa. Har du gode kunnskapar om Photoshop/bilderedigering, so er tribunegruppa definitivt noko for deg!

Butikkgruppa:
Butikkgruppa er den gruppa som sit og planlegg kva butikken skal ta inn. Korleis skal designet vere, kva produkt skal me satse på, kor stort kvanta skal inn, korleis markedsføre me produkta. Korleis kan me gjere Bua meir attraktiv etc. Det er ikkje noko krav til at ein stend sjølv i butikken for å vere med på denne gruppa.

Blåsarhuset:
Me har eit flott klubbhus oppe på Høddvoll. Her held me til når me lagar tifo, men huset er so mykje meir enn det. Denne gruppa skal planlegge og gjennomføre arrangement på klubbhuset. Dette kan vere alt frå grillkveldar til quiz. Det er viktig å få til møtestadar utanom kampdag, so har du ein del idear om korleis dette kan gjerast, so er Blåsarhuset ei gruppe for deg.

 

Meld di interesse på styret@blaasar.no

 

 

 

 

 

 

Av: JOFS

Descargar musica