søndag,17 desember, 2017

Hødd – Brattvåg: 5 – 1

Fredag 20.02.15 spelte Hødd sitt herrelag sin første offisielle kamp på nye Høddvoll. Kampen var mot Brattvåg frå 3. divisjon. Dei rundt 100 frammøtte fekk sjå ein fartsfylt 1. omgang, som enda 5-1 til Hødd. Måla vart scora av Mikke x 3, Torbjørn og Ole Amund. Mikke er tydeleg på veg tilbake til slik me huskar han. Eine målet var ei perle av eit frispark, i tillegg ha han fleire skot på mål. Hødd ha so monge sjansar i første med so monge spelarar, at det dei, som ikkje var der, gjekk virkeleg glipp av noko. I denne omgangen spelte Fredrik for første gong i år. Ole Monrad stod heile kampen, og gjor ein god figur i mål.

2. omgang kan me forbigå i stillheit, anna enn at Erik var tilbake på bana. Svært gledeleg!

Elles kan me nemne at sjølv om me har ny stadion, so er været det samme.

Tropp: Ole Monrad Alme, Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal, Fredrik Aursnes, Ole Amund Sveen, Magnus Myklebust, Torbjørn Kallevåg, Benjamin Mork Kleppe, Michael Karlsen, Erik Sandal, Joakim Wrele, Mathias Grimstad, Bendik Rise, Martin Mork Breivik og Sivert Pieroth.

Laurdag 28.02.15 kjem Træff til Høddvoll, noko som gir alle ein ny sjanse til å få sett gutta i aksjon og siste sjanse før dei set seg på flyet og reiser til La Manga i lag med nokre av Blåsarane. Hødd reiser ned 3. mars, Blåsarane 4. mars.
Der er ledige sengeplassar hos Blåsarane, klikk deg inn her:
http://www.hodd.no/latest-news/article/bww9aoxpyc2q19wgoa35l42xl/title/blasarane-til-la-manga

2015-02-20 19.48.53 2015-02-20 19.49.32

 

 

 

Av: JOFS

Descargar musica