onsdag,23 august, 2017

10-kjappe La Manga spørsmål.

Turneringa på La Manga er over og Hødd har gjort ein god figur. Rykta skal også ha det til at Blåsarane sine 8 utsendte har levert varene. Dei er no tilbake i kalde Ulsteinvik, med både jetlag og brakkesjuke. Og redaksjonen har derfor stilt ti kjappe spørsmål til tur-general Guttorm for å høyre korleis opphaldet har vore.

1. Kva har vore høgdepunkta med opphaldet på La Manga? (Sett vekk frå kampane)
– Sol, varme, mat og drikke. Samt reise rundt og oppleve ting.

2. Kven av spelarane har imponert mest?
– Dei fleste har vist gode takter. Ein ung spelar frå Skodje har vist seg som ein spennande spelar.

3. Kven av spelarane/trenarane har imponert mest utanfor bana?
– Neil var einaste som dukka opp til blåsarquiz, så då må det nok bli han.

4. Kven av blåsarane har imponert mest?
– Alle sammen. Alle bidrar på kvar sin måte.

5. Korleis var den daglige rutina?
– HMS (Hødd, mat og San Miguel) Samt masse sol.

6. Det obligatoriske spørsmålet, kven er raudast i huda?
– Litt usikker. Må kanskje vere meg det

7. Vi antek at spansk høgkultur og kulinariske opplevelsar har stått på programmet, kva?
– Elche – Almeria kamp, Tur til Cartagena og prøving av diverse spansk mat.

8. Er det fleire supporterar på plass?
– Cathrine frå Bryne. Ellers var det pensjonistar frå Hønefoss, Bærum og utflytta sunnmøringar. Men det går vel under lokalbefolkning.

9. Serranoskinke eller bacon?
– Ja, lei begge deler.

10. Blir det tur neste år?
– Det blir det sikkert, så får vi sjå kven som reiser.

Blåsarane på kamp i Pinatar

Blåsarane på kamp i Pinatar

Descargar musica