mandag,22 mai, 2017

Info før Hødd sin første bortekamp!

.facebook_2136147279

Hødd møter Strømmen borte 6. april kl 17.30. Blåsarane har satt opp buss, noko du finn meir info om på ei anna sak her inne.
Alle blåkvite er invitert til Strømmen sin supporterklubb, Greyhounds, sin stamplass, Rockwood Pub. Adressa dit er Strømsveien 85 med inngang frå baksida (Sagbruksveien). Parkering på Strømmen storsenter sine utandørsplassa, med innkøyring frå Støperiveien. Det ser ut til at her er avgiftsparkering heile døgnet utenom opningstider.

For dei som reiser kollektivt, so er det enten tog til Stømmen st. (ca 5 min å gå) eller buss 401 fra Oslo bussterminal, denne stoppar i Strømsveien rett utanfor Rockwood. Trur haldeplassen heiter Sagdalen skole. Frå Rockwood er det ca 15 min å gå til Strømmen stadion.
Buss 401 til Oslo stoppar òg rett utanfor stadion på haldeplassen Vittenbergveien, dersom dokke kjem direkte til kampen med buss. Der går ein buss kl 15.52 frå Oslo Bussterminal, denne er framme 16.34. Der går òg ein buss kl  16.22, som er framme 17.04. Tog går der med jamne mellomrom frå Sentralbanestasjonen.

sponsing av Blåsarane

Descargar musica