torsdag,29 juni, 2017

Tell me why i don’t like mondays!

blaa

Det nærmar seg storkamp på Høddvoll, ein storkamp med bismak..

Storkamp har blitt synonymt med mandagskamp, og Blåsarane er dritlei. Derfor vil vi på mandag gå frå stadion etter 5 minutt. Ståtribuna blir tømd for folk, og i 10 minutt vil stillheita runge både på Høddvoll og TV2 Zebra. Blandt dei få frå saftbygda som kan ta turen, blir det signalisert at dei gjer det samme.

Det var nemmeleg duka for eit stort innrykk av sogningar til denne kampen. Alle dei frivillige skulle på tur, sjølvsagt også supporterane. Hotellet venta fullt hus, det samme kunne restaurantar og utestadar. Det kunne skapt ei fantastisk ramme før kamp. Ei ramme vi no er snytt for, på grunn av ein TV-avtale som ikkje held mål.

Vi har i årevis(!) masa om at fotball skal spelast i helga. Vi vil at fotball skal spelast på eit tidspunkt der folk har moglegheit til å sjå kampen på stadion. Som bortesupporter er det vanskeleg, om ikkje umogleg, å få med seg kampen frå tribuneplass. Som heimesupportar kræsjar det med jobb, fritidsaktivitetar, skule, ungar som skal køyrast hit og dit, osv..

Tidlegare i år lanserte norske supporterklubbar, gjennom NSA, 161-modellen. Denne vil samle kvar runde til 3 kamptidspunkt, og ALLE i helga. 1 kamp laurdag, 6 kampar søndag 18.00 og 1 hovudkamp søndag. Dei eksakte tidspunkta er ikkje det viktige, derimot er forutsigbarheit og helgefotball viktige stikkord. 60 supporterklubbar og alternative grupperingar stiller seg no bak denne modellen. Meir gledeleg er det at også 15 fotballklubbar(10 frå nivå 0 og 1) stiller seg bak. For det er klubbane sjølve, gjennom NFF og NTF, som bestemmer korleis den neste TV-avtalen vil sjå ut.

Blåsarane meinar at 161-modellen er eit utmerket kompromiss mellom klubbar og rettigheitshavarar, dessverre støttar korkje Hødd eller Sogndal denne modellen.

Samtidig vil vi oppfordre folk på både hovudtribuna og familietribuna til å forlate stadion etter 5 minutter, for og etterpå kome tilbake å støtte laget fram til 3 viktige poeng.

-Styret

For meir info om 161-modellen, klikk her.

Descargar musica