onsdag,22 november, 2017

Om Blåsarane

Ein offisiell supportarklubb til Hødd blei stifta i 2002. Dette var då Kåre Hasund som tok ansvaret for. Namnet Blåsarane kom til seinare, etter ei runde med namnval. Klubben driver då per i dag kiosk under kampane, butikk på laurdagar, tifoaktivtetar og arrangement/tur organisering.

Føremål:
Supportarklubben er ein ideell organisasjon som har som oppgåve å støtte Hødd i med- og motgang. Blåsarane er religiøst og politisk uavhengig. Supportarklubben sine hovudoppgåver er:

1. I samarbeid med Hødd skape stemning på samtlige stadionar som laget spelar på.
2. å ordne aktivitetar for medlemmane, også utenfor kampdagar
3. å organisere medlemane slik at det verte enkelt å kome seg på heime- og bortekampar. Dette med tanke på billettar, transport og informasjon.
4. å vere eit førebilete for kordan ein støttar laget, uansett resultat, 90 minutt + støtte verbalt og visuelt.
5. ta avstand for rasisme, vold og bråk før, under og etter kamp.

Blåsarane har sin offisielle heimeplass i Ulsteinvik. Men, om det vil bli starta grupperingar andre plassar, så vil vi gjerne hjelpe til med å ordne det.

Descargar musica