onsdag,22 november, 2017

Blåsarbua og Blåsarhjørnet

2014-07-29 16.57.41

Blåsarbua er open kvar laurdag frå klokka 11.00 til 16.00.
Blåsarbua vert drive på dugnad av medlemane i Blåsarane. Me har mykje supporterutstyr av ymse slag, som du kan lese om her og på Blåsarbua på Facebook. Me køyrer jamt gode tilbod og er einaste forhandlar med den offisielle Hødd-drakta!

Me har byens billigaste kaffi, og ved kjøp av termokopp, får du ein kaffiavtale med oss. Du finn oss på AMFI Ulsteinvik og du er hjartans velkomen innom for ein god handel og ein hyggjeleg fotballprat.

Me har også opna ein supporterbutikk på Høddvoll, Blåsarhjørnet, denne har ope før kvar heimekamp. Her vil me ha eit utvalg av varene ein kan finne på Blåsarbua.

 

Descargar musica